Grunnskule for vaksne

Treng du grunnskuleopplæring, er over opplæringspliktig alder (6-16 år) - då kan du ha rett til slik opplæring.

Kom i gang

Finn ut kva du treng. 

  • Du vil trenge eit vitnemål frå grunnskulen for å kunne begynne på vidaregåande opplæring.
  • Du treng vidaregåande opplæring dersom du ønskjer å ta høgare utdanning.
  • Du kan òg utdanne deg direkte til eit yrke, gjerne som lærling med tanke på eit fagbrev.

Rådgjeving

Du kan få rådgjeving på NAV og Vestland karriererettleiing.

Reglar for rett til grunnskuleopplæring for vaksne

For å ha rett til slik opplæring må du

  • vere over opplæringspliktig alder (16 år)
  • ikkje ha rett til vidaregåande opplæring
  • ha lovleg opphald i Noreg
  • ha behov for grunnskuleopplæring

Retten til grunnskule for vaksne gjeld òg for dei som har fullført grunnskulen, men som likevel treng meir opplæring.  Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga som ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne.  Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte eleven.

Innhaldet i opplæringa

Grunnskuleopplæringa skal gje kompetanse til å gå på vidaregåande skule.

Vaksenopplæringa kan leggja til rette for ulike kurs innan arbeidsretta norskopplæring, og kan bistå med gjennomføring av realkompetansevurdering på grunnskulenivå i samarbeid med karriererettleiar.

Vaksenopplæringa legg vekt på eit trygt læringsmiljø der den einskilde får best mogleg læring ut i frå eigne føresetnader.  Alle elevar har krav på å bli sett, forstått og likeverdig behandla.  Mange elevane kjem frå andre plassar  i verda og vi er audmjuke for den omstillinga dei går gjennom.

Skuleåret og søknadsfrist

Vaksenopplæringa føl vanleg skulerute, med oppstart i august og avslutning i juni året etter.
Det er undervisning måndagar til og med torsdagar klokka 09.00 - 14.30.

Vi tek inn elevar etter kvar som ein søkjer og får tildelt plass, så ingen søknadsfrist.

Undervisninga føregår i Hyllestadhallen, Lifjordvegen 6, 6957 Hyllestad.

Søk grunnskuleopplæring for vaksne 

Prisar ved vaksenopplæring

  • Grunnskuleopplæring og opplæring i grunnleggjande ferdigheiter er gratis.
  • Oppmelding til privatisteksamen - 600 kr
  • Norsk- og samfunnsopplæring på kveldstid - 50 kr per time
  • Undervisning på dagtid
  • Statsborgar- og samfunnskunnskapsprøve
  • Norsk munnleg prøve (3 delar) per stk
  • Norsk lytteprøve (enkel delprøve) per stk
  • Norsk leseprøve (enkel delprøve) per stk
  • Norsk skriveprøve (enkel delprøve) per stk

Klage 

Er det høve til å klage?

Hyllestadhallen - Klikk for stort bilete Hyllestad kommune

Nyttige lenker

Utdanningsdirektoratet:  Informasjon om grunnskuleutdanning for vaksne
IMDi:  Norsk og samfunnskunnskap

Gjermund Flage
Kommunedirektør
E-post
Telefon 57 78 95 46
Mobil 93 21 87 80