Høyring - Plan for trafikktryggleik og vegvedlikehald 2025-2028 - Hyllestad kommune

Utval for Plan og samfunn vedtok i møte 12.11.2024 å sende framlegg til plan for trafikktryggleik og vegvedlikehald 2025-2028 på høyring, med ein høyringsfrist på tre veker.

Hyllestad kommunestyre gjorde vedtak i sak 21/083 den 09.12.2021 at vegvedlikehaldsplanen og trafikktryggleiksplanen skulle slåast saman og at det blei utarbeidd nytt felles handlingsprogram. Administrasjonen har no fått utarbeida eit framlegg, der desse to temaplanane er samla i èin ny temaplan.

Planframlegget ligg no ute på høyring i tre veker.

Eventuelle merknadar og innspel til planen sendast til postmottak@hyllestad.kommune.no eller Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad innan tysdag 03.12.2024.

Plandokument:

Plan for trafikktryggleik og vegvedlikehald 2025-2028 (PDF, 2 MB)

Vedlegg 2 - Innspelskjema - trafikktryggingstiltak (PDF, 181 kB)

Vedlegg 3 - Vegliste (PDF, 152 kB)

Gaute Lundeland
Kommunalsjef
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 29
Simen Solheim
VVA-ingeniør
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 35