Høyring og offentleg ettersyn - Kommunal planstrategi 2024-2027 og Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel 2025-2035

Utval for plan og samfunn har i møte 24.06.2024 fatta følgjande vedtak i sak 24/046:

  1. I medhald av plan- og bygningslova § 10-1 vedtek utval for Plan og samfunn at framlegg til kommunal planstrategi for Hyllestad kommune 2024-2027 vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.
  2. I medhald av plan- og bygningslova § 4-1 vedtek utval for Plan og samfunn at framlegg til planprogram til kommuneplanen sin samfunnsdel 2025-2035 vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

Kommunal planstrategi 

Kommunal planstrategi er ei vurdering av kva planar Hyllestad kommune har behov for å revidere eller utarbeide i inneverande kommunestyreperiode, ut frå kva utfordringar Hyllestad kommune står ovanfor og kva som er ynskt samfunnsutvikling.

Planprogram

Sidan det var sterke signal om behov for revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel, har kommunedirektøren valgt å slå saman kommunal planstrategi og planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel.

Planprogrammet skal gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen med fristar, medverknad, alternativ som vert vurdert og behov for utgreiingar. 

Høyringsbrevet kan lesast her:

Høyringsbrev (PDF, 134 kB)

Saksutgreiinga og vedtak i utval for Plan og samfunn kan lesast her:

Saksutgreiing og vedtak (PDF, 93 kB)

Høyringsforslaget for planstrategi og planprogram kan lesast her: 

Utkast til kommunal planstrategi for 2024-2027 og Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdelen 2025-2035 (PDF, 2 MB)

Eventuelle merknadar og innspel til planstrategien og planprogrammet sendast til postmottak@hyllestad.kommune.no eller Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad innan fredag 16.08.2024.

Gjermund Flage
Kommunedirektør
E-post
Telefon 57 78 95 46
Mobil 93 21 87 80
Gaute Lundeland
Kommunalsjef
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 29