Høyring av lokal forskrift om gebyr for areal og byggesak

Hyllestad kommune legg forslag til ny lokal gebyrforskrift for areal og byggesak ut på høyring.

Føremålet med ny gebyrforskrift har vore å tydeleggjere dei ulike oppgåvene kommunen har knytt til sakshandsaming etter plan- og bygningslova, eigarseksjonslova og matrikkellova, og kva kostandar dette medfører.

Gjeldande forskrift blei vedteken i Hyllestad kommunestyre 09.12.2010.

Utgangspunktet for arbeidet med ny gebyrforskrift har vore å utarbeide ei innretting som på ein
fleksibel måte klarer å spegle kommunen sin ressursbruk i dei enkelte sakene. Gebyrforskrifta skal
samstundes sørge for å finansiere dei oppgåvene som kommunen etter lovar og reglar er pålagt å
utføre. Vidare har hensikta vore å lage ei innretting som er mest mogleg rettferdig for alle
forslagsstillarar, tiltakshavarar og rekvirentar, samstundes som utforminga av forskrifta skal
minimere rettmessige klagesaker på gebyra.

Formannskapet vedtok den 31.08.2023 å legge forslag til lokal forskrift for areal og byggesak for Hyllestad kommune ut på høyring.

Relevante dokument finn du nederst på sida.

Har du innspel?

Frist for å sende inn uttale er 20.10.2023 og kan sendast på e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no, eller per post til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.

Merk høyringssvar med saksnummer 22/565.

Det vert gjort merksam på at høyringsuttalar er offentlege, jf. offentlighetsloven og vil bli publisert på Hyllestad kommune si heimeside i samband med at saka oversendast til politisk handsaming.

Har du spørsmål?

Dersom du lurer på noko, kan du ta kontakt med Gaute Lundeland på e-post gaute.lundeland@hyllestad.kommune.no eller telefon 57789529.

Dokument

Forslag til ny gebyrforskrift for areal og byggesak (PDF, 246 kB)

Høyringsbrev (PDF, 175 kB)