Rullering av trafikktryggingsplanen for Hyllestad kommune

Har du forslag til trafikktryggingstiltak på kommunale vegar, eller tiltak vi kan påverke Vestland fylkeskommune til å utføre på dei fylkeskommunale vegane?

I samband med den årlege rulleringa av handlingsplanen i trafikktryggingsplanen for Hyllestad kommune, ber vi om innspel frå deg med forslag om tiltak for 2025.

Tidlegare innsendte innspel i perioden frå trafikktryggingsplanen blei vedteken i 2021 og fram til i dag har vi registrert, og vil bli vurdert i samband med denne rulleringa.

Tiltaksdelen i gjeldande plan er delt i førebyggande tiltak, fysiske tiltak på kommunale vegar og fysiske tiltak vi ynskjer å påverke Vestland fylkeskommune til å utføre på dei fylkeskommunale vegane.

Frist for å sende innspel til trafikktryggingsplanen for 2025 vert sett til 30. juni 2024.

Vi ber om at innspel sendast på e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no og merkast med “Innspel Trafikktryggingsplan”.

Gjeldande trafikktryggingsplan kan lesast her.

Gaute Lundeland
Kommunalsjef
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 29
Simen Solheim
VVA-ingeniør
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 35