Sommarmoro i Hyllestad

I sommar har elevar frå 5. – 10. klasse fått tilbod om å delta på ulike aktivitetar gjennom prosjektet Sommarmoro i Hyllestad. Prosjektet er fullfinansiert av Gjensidigestiftinga si utlysing «Noe å glede seg til i sommer». 

Utsiktsbilde frå toppen av Alden, turfølge med ryggen til kamera. - Klikk for stort bileteTurfølget på Alden. Nydeleg utsikt til fjella og fjordane rundt. Ane Brekke

 

Målet med prosjektet er at barn og unge får gode ferieminner og forhindre utanforskap. Midlane har dekka løn til aktivitetsleiarar, transport, ulike aktivitetar og mat. Det har vore kjekke og innhaldsrike dagar både heime i Hyllestad og på ulike utflukter. Elevane har blant anna gått tur på Folkestien på Sørbøvåg med bading i Hamneparken, hatt aktivitetsdag i Hyllestadhallen med biljard, leik og moro, og badedag på Heggebøneset med lunsj på hotellet.

 

4 born i aktivitet på sandvolleballbana i Hamneparken på Sørbøvåg. - Klikk for stort bileteHamneparken på Sørbøvåg. Ane Brekke
Utsiktsbilde frå Heggebøneset i Leirvik med fruktfat i fokus. - Klikk for stort bileteHeggebøneset i Leirvik. Julie Einen
Turfølget med ryggen til på veg frå folkestien til Sørbøvåg sentrum. - Klikk for stort bileteFolkestien på Sørbøvåg. Ane Brekke

Nokre har vore med på fjelltur på Alden, gokart og bowling, medan andre har vore på klatresenter og trampolinepark.

Tilbakemeldingar frå elevar og aktivitetsleiarar er at dette har vore moro! 

 

Fargerike frukt og pizzafat på serveringsvogn. - Klikk for stort bileteMat - og fruktpause i Hyllestadhallen. Tuva Bråstad

 

Ei stor takk til Andreas Ytredal Akse, Ane Brekke og Tuva Bråstad som har vore trygge og ansvarlege aktivitetsleiarar desse to vekene.

 

Rekke med 4 go-cartar klare til å køyre inn på bana. - Klikk for stort bileteGo-cart i Kråkenesmarka, spente deltakarar på rad og rekke. Ane Brekke
2 born i aktivitet på trampoliner i trampolineparken i Førde. - Klikk for stort bileteTrampolineparken i Førde. Tuva Bråstad
Bowlingbane og 3 deltakarar med ryggen til kamera. - Klikk for stort bileteBowling i Førde. Ane Brekke