Skremmande suksess med Halloweenløype i Hyllestad!

Halloweenstemninga var til å ta og føle på då kulturskulen i HAF arrangerte si fyrste Halloweenløype i Hyllestad 29. oktober.

Løypa gjekk frå sentrum og fram til Kvernsteinsparken!

Arrangementet tiltrakk seg både store og små, med heile 60 barn som dansarar, musikkutøvarar, skodespelarar og skremmarar i løypa. Rundt 150 publikum vandra gjennom dei mørke, mystiske kulissane langs løypa. 

Gjennom dette arrangementet fekk barna sjansen til å utfolde seg kreativt, samstundes som dei skapte glede og spenning for lokalsamfunnet. 

Halloweenløypa blei arrangert av kulturskulen av HAF, men fekk også hjelp av andre. Liv og Lyst sto for grilling i parken. Siri Embla leda publikum gjennom løypa., brannstasjonen vart opna til dansesal og Kvernsteinsparken var med som støttespelar. 

Takk til alle!  

Mats Systaddal- kulturskulerektor