Planstrategi og planprogram til kommuneplanen sin samfunnsdel

Planstrategien og planprogrammet til kommuneplanen sin samfunnsdel vart vedteke i kommunestyret torsdag 7. november.

Bandet Oddny på scena, med publikum under Sommargry 2024 - Klikk for stort bileteOddny i fint driv under Sommargry 2024. Sergii Afanasiev

Planstrategien og -programmet er eit styringsverktøy for å vurdere og avklare Hyllestad sin situasjon, utfordringar og prioriterte planoppgåver som skal prioriterast for å møte kommunen sitt behov. 

Samstundes listar den opp temaplanar som bør utarbeidast og beskriv hensikta med revisjonsarbeidet av kommuneplanen sin samfunnsdel. Dokumentet er ein "plan for planen" og legg føringar for revisjonsarbeidet. Vidare arbeid med arealdelen og ny revidert samfunnsdel er planlagt å verte handsama i 2025.

Neste steg i prosessen er revidering av eksisterande samfunnsdel, som mellom anna inkludera medverknad gjennom folkemøte, lag og organisasjonar og HNR/havbruksgruppa/reiselivsgruppa i Hyllestad.

Her kan du lese planen i si heilheit. (PDF, 2 MB)


Vi takkar for alle som har sendt inn innspel og merknadar i høyringsperioden til planstrategien og planprogrammet for kommuneplanen sin samfunnsdel».