Mohn på besøk i Hyllestad

Laurdag var Trond Mohn og fleire frå hans familie på besøk i Hyllestad.  I nydeleg vårvêr viste Hyllestad seg frå si beste side. 

Ved minnesmerke for Havørnulykka i 1936 

Mohn og følgje var på Risnes og såg på minnesmerket etter Havørnulykka først. Her vart dei møtt av Oddvar Hatlem, som fortalte frå ulykka. 

I Hyllestadhallen

Deretter stod omvisning i Hyllestadhallen på programmet. Endeleg skulle vi få høve til å vise fram storstova vår, og takke den samfunnsengasjerte forretningsmannen personleg for bidraget til Hyllestadhallen. Her var fleire aktørar på plass (fotballgruppa HIL, badmintongruppa HIL, Hyllestad Jakt og fiskelag, Friskis og Svettis og Hyllestad biljardklubb) slik at vi fekk vist fram litt av aktiviteten som hallen vert nytta til. I kantina vart det servert god lunsj, og kommunedirektør Gjermund Flage overrekte Mohn ei gåve og fortalte kva bidraget hans hadde gjort for Hyllestadhallen.  

I Kvernsteinsparken

Besøket vart avslutta med eit besøk i Kvernsteinsparken der Torbjørn Løland og Alexander Rauboti var vertskap.

Tusen takk for hyggeleg besøk og fantastisk støtte

I etterkant av besøket fekk vi ei svært gledeleg melding om at Trond Mohn vil støtte stiprosjektet på Lifjellet og sanitærbygget der med heile 2,5 millionar. Han var mellom anna imponert over samspelet og kommunikasjonen mellom idrettslaget, frivilligheita og det offentlege, og ikkje minst dugnadsånda i Hyllestad. 

Vi er svært glade og takksame for dette viktige bidraget til prosjektet. Tusen takk til Trond Mohn, både for hyggeleg besøk og for fantastisk støtte!