Hyllestad Vekst i Kommunestyret 07.11.24

Vekst prosjektet presenterte utkast til kommunikasjon- og marknadsføringsstrategi for Hyllestad samfunnet som vi held på å utarbeide saman med Ymsir.

Presentasjonen tok utgangspunkt i den nyleg gjennomførte omdømeundersøkinga i Hyllestad.

Arbeidet vart starta på bakgrunn av innspel frå workshopar, møteverksemd og samtalar frå omstillingsprosjektet fase2, der vi fekk tilbakemelding på at vi måtte verte betre på kommunikasjon.

Til å hjelpe oss med dette arbeidet har vi leigd inn Anne Mette Hjelle frå Ymsir. Ho er utdanna innan kommunikasjonsfaget, og har mange års erfaring som journalist og med kommunikasjonsleiing.

Prosjektet skal bevisstgjere Hyllestad samfunnet på korleis vi kan snakke og skryte av kommunen vår. Vi skal løfte fram dei gode sidene ved å bu her- og dele dei med kvarandre, nabokommunar og regionen.

Målet er å synleggjere Hyllestad, slik at alle som bur her kan vere stolte av heimstaden sin, og at fleire får lyst til å besøkje eller bu i Hyllestad.

Kommunen er meir enn berre flott natur!

Utkast til kommunikasjon- og marknadsføringsstrategi er laga på bakgrunn av samfunnsplanen, workshopar og omdømmeundersøkinga som vi nyleg gjennomførte i Vekstprosjektet.

Viste du at Hyllestad ligg på 61 grader Nord? Dette kan vi nytte i kommunikasjon av kommunen saman med at 71 gr. Nord har vore her!

Takk til alle som deltok i omdømmeundersøkinga! Denne gjev oss verdifull informasjon som vi kan nytte i kommunikasjonsarbeidet i Hyllestad.