Hyllestad kommune godkjent som Trafikksikker kommune.

Tysdag 25.06.2024 vart Hyllestad offisielt godkjent som trafikksikker kommune. Frå før er 183 norske kommunar godkjent, og i Vestland blir Hyllestad no den nittande kommunen som er godkjent.  
Godkjenninga som trafikksikker kommune markerar eit viktig skritt i arbeidet for å sikre tryggheit for innbyggjarar og tilsette i trafikken. 

Arbeidsgruppe samla framfor kommunehuset i Hyllestad - Klikk for stort bilete Hyllestad kommune

 

Kva er Trafikksikker kommune?

Trygg Trafikk har utarbeidd kriteriar for kva ein trafikksikker kommune er, og korleis kommunane bør jobbe. Trafikksikker kommune tar for seg mange andre sider av trafikksikkerheit enn ein tradisjonelt har hatt fokus på. Kriteria for å bli godkjent stiller krav til dokumentasjon frå dei ulike einingane, og medverkar slik til at trafikktryggingsarbeidet vert sett i system. 
Å få godkjenning betyr ikkje at det ikkje vil skje trafikkulykker, men er eit kvalitetsstempel som syner at kommunen arbeidar målbevisst og heilskapleg med trafikktryggleik.

 

Trafikksikker kommune skilt  - Klikk for stort bilete Hildegunn Hatlem