Hyllestad 61° nord - ein stad for eventyr og gode liv

Vi vil takke alle som tok seg tid til å delta i omdømeundersøkinga vi nyleg har gjennomført. Vi set stor pris på alle tilbakemeldingane! 
Dykkar tilbakemeldingar har stor verdi, og vi vil ta dei med oss i det vidare arbeidet med å utvikle Hyllestad-samfunnet til ein enno betre plass å bu og leve.

Funn i undersøkinga

  • Dei fleste er svært eller ganske bra fornøgd med barnehagetilbodet, grunnskulen, eldreomsorga og kultur og idrett.
  • 7 av 10 meiner det har skjedd positive endringar i Hyllestad dei siste åra.
  • 6 av 10 vil tilrå andre å flytte til Hyllestad.
  •  Vi har god digital infrastruktur, med moglegheiter for fjernarbeid og fjernstudie.
  • Positivt at Tersan Havyard har mange nye kontrakter, verftet er internasjonalt kjent for moderne båtbygging i verdsklasse.

Jordnære, venlege og pålitelege

Det er dei orda vi Hyllestadingar tenkjer om oss sjølve, det er i alle fall det som kom fram frå omdømeundersøkinga vi nyleg har gjennomført.

Jordnær, venleg og påliteleg er gode verdiar som vi kan vere stolte av!
Og - vi har mykje å vere stolte av i kommunen vår, sjølv om vi har beina godt planta på jorda.

Lihesten i Hyllestad

Lihesten er for mange av oss eit landemerke, godt kjent utover kommunegrensene. No sist gjennom 71 °nord, og nemnt av dei fleste i undersøkinga. Lifjellet er ein del av eit fjellområde som på grunn av si geologiske historie er nominert til Unesco sitt verdsarvområde (dette får vi vite svar på til våren 2025).

Lifjellet i morgonsol ein vingerdag - Klikk for stort bileteLifjellet i morgonsol ein vinterdag ANI photography

 

 

 

 

 

 

 


Lihesten, med sin karakteristiske form, er ein fasinerande del av den geologiske historia som strekkjer seg tilbake nesten 500 millionar år. Fjellet var opprinneleg den av ein dal i den enorme kaledonske fjellkjeda, som oppstod etter kollisjonen mellom det amerikanske urkontinentet og Europa. Denne fjellkjeda var ein gang like høg som Himalaya, med ustabile fjellsider og steinskred var vanleg.  Hyllestad låg ein gang i tida 30 ° sør for ekvator, omtrent der Sør-Afrika ligg i dag, så dreiv kontinentet nordover og klimaet endra seg i takt med det. Vi veit ikkje, men kanskje Hyllestad såg ut som dei vakre Stillehavsøyane eller Bahamas på den tida? Vi kan jo berre drøyme om det i dag…..

Så kollapsa fjellekjeda og Lihest-dalen glei ned langs ei brot-sone, noko som gjer at Lihesten i dag står som ein majestetisk fjelltopp. Det som er litt spektakulært, er at fjellet i dag ligg over ein del av det gamle amerikanske urkontinentet, noko som gjer at vi i dag her i Hyllestad kan ha ein fot i Amerika og ein i Europa. 

Vi i Hyllestad er stolte av det særmerka fjellet og vi må ta vare på verdsarven som ligg i kommunen vår (inkludert historia om kvernstein).   

71° nord ein tv-serie  – Hyllestad 61 °nord ein stad for kyst- og fjelleventyr og bygder for gode liv

Opp Gygrekjeften

 No i oktober vart Lifjellet og Hyllestad sett på kartet i samband med 71° nord.

Her fekk heile Noreg høve til å sjå det fantastiske turområdet vi har rett utforbi stovedøra, samt to supersprekingar som klatra opp fjellveggen til Gygrekjeften.

Undersøkinga blant innbyggjarane i Hyllestad viser at vi opplever sterk tilhøyrigheit til naturen. Vi bur i eit eldorado for friluft, både til fjells, til sjøs og i nærområda. Mange har svart at det har skjedd mykje positivt dei siste åra. Gjennom Liv og lyst-prosjekta har vi fått endå fleire små anlegg i nærområdet, som t.d.

  • Skogsvegen Panorama og grillhytta
  • Stolpejakt i Leirvik
  • Badstove på Heggebøneset
  • Opprusting av folkestien på Sørbøvåg
  • Pågåande opprusting av Hamneparken på Sørbøvåg, inkludert ny grillhytte
  • Mange ulike sosiale aktivitetar for alle innbyggjarane
     

Alt dette takka vere fantastisk dugnadsinnsats av lokalbefolkninga.  Det er mange som gjer ein ekstra innsats for kommunen vår, for at alle skal trivast og ha det bra her.

I tillegg er det mange som har framheva kor kjekt det er med idrettshallen.  Det er stor aktivitet i hallen kvar einaste dag, både ulike treningsaktivitetar og sosialt samvær.

Skjerpa-trappene opp til Lifjellet har lokka til seg fleire besøkande, vi veit at mange allereie har teke turen. Om Hyllestad ikkje er som ei stillehavsøy, kan vi kanskje lokke med eit kjølegare klima, «drittværstur» med litt regn og skodde? Og nydeleg på klare haustdagar kan vi i alle fall garantere.

Sommargry vert også framheva, og vi satsar på at det vert ny konsert til neste år.  Du kan allereie no kjøpe billettar.

folkemengde på konsert - Klikk for stort bilete Sergij

 

Personar på festval - Klikk for stort bilete Sergij

Forbetringsområder og vegen vidare

Undersøkinga gav oss også ein peikepinn på forbetringsområder vi bør jobbe vidare med.

Sjølv om mesteparten av dei som svara positivt til kva som er særskild og unikt med Hyllestad-samfunnet, er ikkje alle av same oppfatning. Det vert teke fram at vi er ein fråflyttingskommune, få innbyggjarar og ein liten kommune som enno har litt taudraging mellom bygdene. Det vert òg sagt at det kan vere vanskeleg å bli inkludert i samfunnet og få nettverk dersom du kjem heilt ny til kommunen utan å kjenne nokon frå før.

Dette er punkt vi vil ta tak i, og som vi gjennom ulike strategiar og satsingar har som mål å forbetre.  Innspela er også viktige i det vidare arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel, mellom anna det å ha eit sterkare sentrum og ulike arenaer for å treffe folk. Og så må vi nytte oss av dei tilboda som allereie er her! https://hyllestad.foreiningsportal.no/ 

Det vert arbeidd med ein felles kommunikasjonsstrategi for Hyllestad-samfunnet gjennom Hyllestad vekst, og her vil vi sjå nærare på korleis vi kan formidle verdiar og andre funn i undersøkinga ut til noverande og potensielt framtidige innbyggjarar.  

Igjen – tusen takk til alle som svara på undersøkinga!  Vi har eit godt fundament for saman å byggje Hyllestad-samfunnet til å bli ein enno meir attraktiv og god plass å bu og leve.

Hyllestad er eit naturleg val for dei som vil bu tett på naturen og bli ein del av eit sterkt fellesskap. Og - her er rom for fleire!