Høyring - Hovudplan vassforsyning, avlaup og vassmiljø 2025-2032

Utval for Plan og samfunn vedtok i møte 24.09.2024 i sak 24/54 at framlegg til hovudplan for vassforsyning, avlaup og vassmiljø 2025-2032 sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn i seks veker.

 

 

 

 

 

 

 

Føremålet med hovudplan for vassforsyning, avlaup og vassmiljø er å avklare status for vassforsyning, avlaup og vassmiljø ut frå gjeldande føresetnadar, og vurdere tiltak som skal sikre god tenesteyting.

Hovudplanen skal vere kommunen sitt verktøy for overordna styring av vassforsynings- og avløpssektoren og oppfølging av vassmiljøet, og danne eit viktig grunnlag for kommunen si budsjettering og økonomiplanarbeid. Hovudplanen munnar ut i ein tiltaksplan som skal ligge til grunn for prioritering av tiltak i perioden 2025-2032.

 

Innspel og merknadar kan sendast til:

Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad

eller e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no 

Merk innspelet med “22/693”.

Høyringsfrist er sett til 08.11.2024.

 

Plandokumenta finn du her:

Hovudplan for vassforsyning (PDF, 2 MB)

Hovuplan for avlaup og vassmiljø (PDF, 2 MB)

Gaute Lundeland
Kommunalsjef
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 29
Simen Solheim
VVA-ingeniør
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 35