Målsetjinga med arbeidet har vore å lage ei forskrift som er rettferdig, tydeleg og fleksibel.
Rettferdig: Gebyra skal spegle dei ulike brukargruppene sitt kostnadsnivå på best mogleg måte.
Tydeleg: Forskrifta skal vere lett å lese og handheve med klart og forståeleg språk utan uklare, eller vanskelege formuleringar.
Fleksibel: Forskrifta viser til årlege kommunestyrevedtak for gebyra sin storleik.
Formannskapet vedtok den 31.08.2023 å legge forslag til lokal forskrift for vatn- og avløpsgebyr for Hyllestad kommune ut på høyring.
Relevante dokument finn du nederst på sida.
Har du innspel?
Frist for å sende inn uttale er 20.10.2023 og kan sendast på e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no, eller per post til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.
Merk høyringssvar med saksnummer 22/713.
Det vert gjort merksam på at høyringsuttalar er offentlege, jf. offentlighetsloven og vil bli publisert på Hyllestad kommune si heimeside i samband med at saka oversendast til politisk handsaming.
Har du spørsmål?
Dersom du lurer på noko, kan du ta kontakt med Gaute Lundeland på e-post gaute.lundeland@hyllestad.kommune.no eller telefon 57789529.
Dokument
Forslag til ny forskrift for vatn- og avløpsgebyr (PDF, 114 kB)
Høyringsbrev (PDF, 371 kB)