Bygging av landbruksveg

Bygging av landbruksveg omfattar nybygging og ombygging av bilvegar og traktorvegar som skal tene skogbruks- og jordbruksdrift. Slike saker handterast etter Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar, som er heimla i skogbrukslova og jordlova.

Forskrifta omtalar blant anna kva som meinast med ein landbruksveg og krav til standard, innhald i søknaden, vilkår som kommunen kan sette ved godkjenning og tilsyn. Med skogsveg meinast bil- og traktorvegar som skal tene skogbruksdrift og som byggast i samsvar med normalar for landbruksvegar.

Bygging og ombygging av skogs- og jordbruksvegar kan ikkje iverksettast utan løyve frå kommunen.

Søknad om løyve kan sendast til kommunen på eige skjema. Er du usikker på om det planlagde tiltaket er søknadspliktig - ta kontakt med Landbruksforvaltninga i Askvoll, Fjaler og Hyllestad.

Søknadsskjema LDIR-902 Søknad om bygging av landbruksveg finn du på nettsidene til Landbruksdirektoratet.

Søknadsskjema LDIR-902 Søknad om bygging av landbruksveg

Informasjon om planlegging, søknadar om bygging, søknadar om tilskot og gjennomføring av bygging mv. er tilgjengeleg på:

Nettsidene til Landbruksdirektoratet

Nettsidene til Skogkurs

For rettleiing i høve søknad, ta kontakt med Landbruksforvaltninga i Askvoll, Fjaler og Hyllestad.

Johannes Folkestad
Leiar Landbruksforvaltninga
Landbruksforvaltninga i Askvoll, Fjaler og Hyllestad
E-post
Telefon 57 73 07 37
Mobil 47 30 96 33