Avkøyrsle frå offentleg veg

Skal du lage ny, utvide eller endre avkøyrsle frå offentleg veg må du søke om løyve.

Dersom du skal lage ny, utvide eller endre avkøyrsle som går til offentleg veg må du søke om løyve etter veglova § 40.  Med avkøyrsle er det her meint forbinding mellom byggetomt/eigedom og offentleg veg. Dette gjeld og der private vegar møter offentleg veg.

Har du spørsmål om avkøyrsle send gjerne ein førespurnad til simen.solheim@hyllestad.kommune.no.

Kva er søknadspliktig?

Dersom det skal bli gjort tiltak som endrar forholda til avkøyrsla må du sende inn søknad for godkjenning. Det kan vere fysisk endring eller endra bruk. Dersom opparbeiding av avkøyrsla er ein del av ei større byggesak treng du ikkje søke spesielt om løyve så lenge vegen er kommunal. Vi kan då handsame det samstundes med byggesaka.

Eksempel der du må søke om særskild løyve med eigen søknad:

  • Etablering av ny avkøyrsle
  • Flytting av eksisterande avkøyrsle
  • Endring av eksisterande avkøyrsle
  • Etablering av ein eller fleire bueiningar som skal bruke eksisterande avkøyrsle (utvida bruk).

Korleis søke

For å søke om ny eller utvida bruk av avkøyrsle skal du bruke elektronisk skjema. Du søker gjennom nettsider til Statens vegvesen. Søknaden vil då bli sendt til kommunen, fylkeskommunen eller vegvesen etter kven som er vegeigar og vegmynde til å handsame søknaden.

Sjå Statens vegvesen sine nettsider om avkøyrsle

Simen Solheim
VVA-ingeniør
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 35