Vassmålar

Ein vassmålar viser ditt faktiske vass- og avløpsforbruk.

Er du hushaldningsabonnent kan du velge om du vil ha målt eller stipulert forbruk. 

Næringsabonnentar og næringseigedomar skal ha installert vassmålar og betale forbruksgebyr etter målt forbruk.

Slik skaffar du deg vassmålar

Vassmålarinstallasjonar skal utførast av eit godkjent røyrleggarfirma. Kostnaden med å montere vassmålar tilfell kunde. Hyllestad kommune bestem type, plassering og storleik på vassmålaren. 

Når røyrleggar installerar målaren må skjema (link under) leverast eller sendast inn til Hyllestad kommune til postmottak@hyllestad.kommune.no, med bilde av vassmålaren og installasjon. Evt. per post til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.

Vassmålar leigast ut av Hyllestad kommune, og kan hentast på Plan og utvikling i 2 etg. på kommunehuset.

Pris for leige av vassmålar går fram av gjeldande gebyrregulativ.

Når ein abonnent får installert vassmålar gjeld reglane for stipulert forbruk fram til dato for installasjon av målaren føresett at denne er godkjend av kommunen.

Skjema for registrering av ny vassmålar (PDF, 73 kB)

Registrering av vassmålarstand

Abonnenten skal føreta vassmålaravlesing i henhald til fastsette fristar og er ansvarleg for å sende avlest målarstand til kommunen.

Avlesingskort sendast ut i desember kvart år, og avlesinga skal gjerast 31. desember for å få riktig årsforbruk.

Avlesinga gjev grunnlag for avrekning av inneverande år sin a-konto, og gjev grunnlag for komande år.

Ved feil eller manglande avlesing kan kommunen stipulere vassmengda ved skjønn.

Registrer vassmålarstanden din her:

Send inn skjema med vassmålarstand

Installasjon av vassmålar

Generelt

Kommunen bestem:

  • Kor mange vassmålarar den enkelt abonnent skal ha
  • Plassering
  • Type vassmålar

Vassmålaren skal installerast i samsvar med forskrift om vass- og avløpsgebyr, Hyllestad kommune.

Målaren skal til ei kvar tid vere plombert. Vassmålaren er kommunen sin eigedom og skal leverast tilbake ved demontering. Når vassmålaren er montert, kan ikkje denne fjernast utan kommunen sitt samtykke.

Informasjon om vassmålaren som vert brukt i Hyllestad kommune

Altech Modell 688K, Q=4,0 m3, ¾" for kaldvatn

Brødrene Dahl AS

 

 

 

 

 

 

 

Plassering

Alt forbruk på eigedomen skal målast. Det skal ikkje vere vassuttak før målaren. Ved behov må fleire vassmålarar installerast.

Vassmålaren skal alltid vere tilgjengeleg for kontroll av kommunen, med tilstrekkeleg fri plass for utskifting og avlesing.

Vassmålaren må ikkje utsettast for frost eller annan ytre påverknad som kan skade målaren.

Feil installasjon av vassmålar

Ved feil installasjon kan kommunen ve eigar kontakt røyrleggar for å installere ny målar etter korleis målaren skal installerast. Dette er ein kostnad eigar må dekke sjølv. Oppgjer av utfakturert gebyr ved feil installasjon er eit forhold mellom eigar og røyrleggar.

Simen Solheim
VVA-ingeniør
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 35