Utsleppsløyve

Tilkopling til privat avløpsanlegg må vere søkt om og godkjent av kommunen før byggesøknaden din kan handsamast.

Når må du søke om utsleppsløyve?

Bustad og fritidsbustad

  • Du må søke når du skal etablere eit nytt utslepp av sanitært avløpsvatn 
  • Du må søke når du vil auke eit eksisterande utslepp vesentleg
  • Søknad om utsleppsløyve må vere godkjent før byggesøknaden din kan handsamast 

Dersom du skal byggje ny bustad eller fritidsbustad i område der du ikkje kan kople til kommunalt avløp, må du som regel søke om utsleppsløyve. Det same gjeld om du planlegg å auke eksisterande utslepp utover det du har løyve til, til dømes ved installering av vassklosett, dusj, bad, våtrom, o.l. 

Ta kontakt med kommunen for rettleiing dersom du er usikker på om du kjem til å auke eksisterande utslepp. 

Næringsbygg og andre bygg

  • Du må søke når du skal etablere eit nytt utslepp av sanitært avløpsvatn
  • Du må søke når du skal etablere eit nytt utslepp eller påslipp av oljehaldig avløpsvatn
  • Du må søke når du skal etablere eit utslepp eller påslipp av feitthaldig avløpsvatn, feittavskiljar
  • Du må søke når du vil auke eit eksisterande utslepp vesentleg
  • Søknad om utsleppsløyve må vere godkjent før byggesøknaden din kan handsamast 

Ta kontakt med kommunen dersom du må søke om utsleppsløyve i samband med andre bygg enn bustad og hytter, og du ikkje har høve å kople til offentleg vatn og avløp. 

Slik søker du om utsleppsløyve

Informasjonen under gjeld i hovudsak for søknad om utsleppsløyve gjeldande bustad og fritidsbustad. 

Innhent informasjon

  • Innhent nødvendig informasjon og dokumentasjon til søknaden din. Det er søkar som skal hente inn all nødvendig informasjon og vise at det planlagde utsleppet er i tråd med krava.
  • Ta kontakt med kommunen for å vite kva krav og eventuelle lokale tilpassingar som gjeld der du vil sleppe ut avløpsvatn. Sjekk med plan- og byggesaksavdelinga i kommunen om det planlagde avløpsanlegget er i samsvar med kommunen sine planar etter plan- og bygningslova.
  • Etabler kontakt med ein person eller firma som kan vere nøytral fagkyndig for deg. Ver merksam på at at dokumentasjon av reinsegraden til anlegget skal vere utført av ein nøytral fagkyndig. 
  • Varsle naboar og andre spesielt involverte. Varsel skal sendast ut med svarfrist minimum 4 veker. Dersom du er tvil om kven som skal varslast, kan du ta kontakt med kommunen. 

Fyll ut søknadsskjema

Søknadsskjema for utslepp av sanitært avløpsvatn frå hus og fritidsbustadar (PDF, 103 kB)

Når du har fyllt ut alle punkta i søknadsskjemaet og har lagt ved alle nødvendige vedlegg, har du levert det vi kallar ein fullstendig søknad. Ein fullstendig søknad skal handsamast av kommunen innan seks veker.

Hugs at dersom søknaden manglar opplysningar eller dokumentasjon, vil dette kunne forseinke sakshandsaminga. Dersom du har søkt om unntak, gjeld ikkje sakshandsamingsfristen på seks veker.

Dersom du sender inn søknad om utsleppsløyve og søknad om byggeløyve samtidig, vil søknadane normalt bli handsama samtidig, men i to adskilte vedtak. 

Rettleiar - Søknad om utsleppsløyve

Send inn søknad

Legg ulik dokumentasjon i separate vedlegg, og merk vedlegga. Søknaden kan du sende skriftleg til kommunen på forskjellige måtar:

Post: Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad

E-post: postmottak@hyllestad.kommune.no

Send søknaden via digitale løysingar, via Direktoratet for byggkvalitet si heimeside

Møt opp på kommunehuset og lever søknad til mottak i resepsjonen.

Svar på søknad

Dersom du har levert ein komplett søknad, er kommunen sin sakshandsamingsfrist 6 veker. Det vil i periodar med stor saksmengde på byggesaksavdelinga, kunne ta lenger tid før du får svar.

Når du har fått svar på og godkjent søknaden din, kan du gå vidare og søke om byggeløyve for avløpsanlegget ditt. Då må du engasjere eit ansvarlege føretak som kan gjere søknaden for deg, samt prosjektere og utføre arbeidet med plassering av reinseanlegg/avløpsanlegg. Ofte er oppføring av avløpsanlegg ein del av byggesøknaden din i samband med oppføring av ny fritidsbustad eller bustadhus. Dersom du kun skal bygge nytt avløpsanlegg, for eksempel til hytte som ikkje har hatt innlagt vatn eller vassklosett, så må du sende inne eigen søknad om byggeløyve for avløpsanlegg. Det vil som regel alltid vere krav til at ansvarlege føretak gjer søknaden og arbeidet for deg, når du skal bygge avløpsanlegg. Ta kontakt med kommunen om du er usikker.

 


 

Simen Solheim
VVA-ingeniør
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 35
David Ingebrigtsen
Fagleiar byggesak og oppmåling
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 38