Tilkopling offentleg vatn og avløp

Tilkopling av eigedommen til offentleg vatn og avløp må vere godkjent av kommunen på førehand. Du må søke både ved første gongs tilkopling, og ved seinare endringar og utvidingar av eksisterande tilkopling. 

Søknad om tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg

  • For å kunne kople til deg til det offentlege vatn- og avløpsnettet (VA-nett) må du søke kommunen om tilkopling. Det kan gjelde for nye byggetiltak eller dersom du får pålegg om tilkopling etter reglane i plan- og bygningslova. 
     
  • Søknad om tilkopling til offentleg VA-nett skal underteiknast av abonnent/utbyggar og ansvarleg føretak som skal utføre arbeidet. 
     
  • Søknaden skal innehalde målsett situasjonsplan som viser bygningar, installasjonar og leidningar. I tillegg må nødvendig teknisk dokumentasjon, og eventuelle avtalar og tinlyste rettar leggast ved. 

Skjema som gjeld tilkopling til offentleg vatn og avløp

Søknad om tilkopling til kommunalt vatn og avløp

Saksgang

Før tilkopling utførast, skal søknaden vere godkjend, og tilkoplingspunkt påvisast av kommunen.

Når tilkoplinga er utført, skal ansvarleg føretak sende melding til kommunen, med dokumentasjon av utført arbeid. Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål om søknadsprosess og saksgang.

Prisar for kommunalt vatn og avløp

  • Tilkoplingsgebyr er eit eingongsgebyr i samband med at du koplar eigedommen din til det kommunale vatn- og avløpssystemet, eller at du får pålegg om slik tilkopling. 
  • Årsgebyr for vatn og avløp er eit årleg gebyr som du må betale når eigedommen din er tilkopla det kommunale vass- og kloakknettet. 
  • Forbruksgebyr for vatn og avløp er eit gebyr som du må betale ut frå faktisk forbruk (vassmålar) eller stipulert forbruk (utan vassmålar).

Vassmålar

  • Alle bygningar og delar av bygningar som ikkje skal nyttast til bustad, skal ha installert vassmålar for registrering av vassforbruk. 
  • Bustadabonnentar kan også installere vassmålar for registrering av forbruk.
  • Dimensjon og type vassmålar, med nødvendig dokumentasjon av forventa forbruk, skal dokumenterast og godkjennast før montering. 
  • Skjema for registrering av ny vassmålar finn du her.

Lover og forskrifter

Simen Solheim
VVA-ingeniør
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 35