Espelandsområdet
Enivest har etablert fiber på Espeland, og alle kundar som har bestilt dette er tilkopla. Om du ynskjer å kople deg til, bestiller du dette direkte frå Enivest.
Rysjedalsvika, Nesje, Sognnes, Indrefjord og Kolgrov
NKOM- søknad er innvilga og gjev omlag 2 millionar i offentleg støtte. Anbodsrunde er i gang og forventa tildeling er april 2022. Oppstart hausten 2022. Ferdigstilling er forseinka grunna krav om marinarkeologiske undersøkingar i Indrefjorden.
Enivest sin status for prosjektet kan du lese her:
Fiber - Rysjedalsvika til Kolgrov
Skiveneset
Enivest har etablert fiber på Skiveneset, og alle kundar som har bestilt dette er tilkopla. Om du ynskjer å kople deg til, bestiller du dette direkte via Enivest.
Brendsdal
Enivest har etablert fiber i Brendsdal, og alle kundar som har bestilt dette er tilkopla. Om du ynskjer å kople deg til, bestiller du dette direkte via Enivest.
Vassenden, Horne, Høydal, Sundbotn, Skifjorden og Porten
Områda er ferdig kartlagde av kommunen, og ein har fått tildelt NKOM-midlar til breibandutbygging frå Vestland fylkeskommune.
Områda er no lagd ut for tilbodsinnhenting der tildeling av kontrakt er planlagd november-desember 2024.
Oppstart utbygging våren 2025.
Mobilutbygging
Kommunen er pådrivar for eit par mobilutbyggingsprosjekt av Telenor, og har sendt førespurnad om ny sentral på Sørbøvåg som har manglande dekning på mobilnettet.
For Leirvikområdet har Telia søkt om og få sette opp ny mast og sendar. Byggeløyve er godkjent men Hyllestad kommune er ikkje kjende med når den vert montert.
Kontakt og tilbakemeldingar
Ta gjerne kontakt for informasjon, innspel og tilbakemeldingar, vi vil gjerne høyre frå dykk.
Ring 57789500 eller send e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no.