Det kan og søkjast om stønad til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsaktivitet, og som ikkje er hefta med kommersielle interesser. Anlegget må vere med i ein vedteken kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet og søkjar må ha eige organisasjonsnummer.
For å søkje om spelemidlar til anlegg, sjå https://www.anleggsregisteret.no/anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet/send-inn-soknad/
Det må søkjast innan fristen som er 15.oktober.
For publikasjonar, rettleiing og statistikk for spelemidlar til idrettsanlegg, sjå https://idrettsanlegg.no/
Det kan søkjast om tilskot til:
- Nybygg og rehabilitering av anlegg for organisert idrett
- Rehabilitering av idretts – og friluftsanlegg
- Nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktivitetar i tilknytning til buområde)
For idrettsanlegg med tilskot av spelemidlar gjeld:
- Anlegget skal ikkje drivast på kommersiell basis
- Anlegget må vere med i ein vedtatt kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet
- Anlegget skal ha universell utforming
For nærmiljøanlegg med tilskot av spelemidar gjeld:
- Området skal vere fritt og allment tilgjengeleg
- Anlegget skal ikkje dekkje behov for organisert idrettsaktivitet og vanlege idrettskonkurransar
- Reine reiskapsleikeplassar (sandkasser, disser osv. ) fell utanfor ordninga
Søknad og frist
Skjemaet sendast til kommunen, som handsamar søknaden og sender han vidare til fylkeskommunen den 15.januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. Frist for å levere søknaden til kommunen er 15.oktober.
Slik søkjer du:
Alle søknader skal setjast fram i søknadsskjema frå Kultur – og likestillingsdepartementet. Du finn søknadsskjemaet her: https://www.anleggsregisteret.no/anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet/send-inn-soknad/
Her finn du også reglane for om de kan få støtte til anlegg.