Sørefjordhytta - dagsturhytte

Dagsturhytta i Hyllestad kommune ligg nydeleg til ved Sørefjordsvatnet og har utsikt mot Lihesten. 
Hytta er eit turmål i seg sjølv, og eit lågterskeltilbod for store og små turgåarar. 
Dersom du vil gå ein lenger tur går stien til Hesjetinden rett ved. 

Tilkomst og parkering:

Parkering på Akse: køyr frå Hyllestad i retning Leirvik/Rysjedalsvika. Etter 3,5 km kjem det eit kryss der du tar av til Birkeland. Køyr vidare i om lag 1,5 km før du tar av til Akse. Etter ca. 1 km er du framme ved merka parkeringsplass for dagsturhytta.

Stien til hytta:

Det er om lag 30 minutt gåtid til hytta. Stien har nyleg blitt opprusta. Stigning på om lag 140 meter.

Sjå meir informasjon her.

Skikk og bruk:

Vi er stolte av hytta vår, og det er viktig at alle tek ansvar for å ta vare på den. Då er det også triveleg å komme på besøk her:

  • Før du går inn, ta av deg skoa.
  • Rydd etter deg å ta bosset ditt med deg heim.
  • Ikkje sov i hytta.
  • La hunden vente på deg ute.