Dagtilbod for eldre og personar med demenssjukdom

Hyllestad kommune har tilbod for eldre og personar med demenssjukdom kvar onsdag klokka 10:00 - 14:00 i daglegstova ved Hyllestad omsorgssenter på Sørbøvåg.

Mål for tenestetilbodet

  • Dagsenteret skal gje tilbod til personar med ulike demens -sjukdommar, som har behov for å komme seg ut for å vere med på aktivitetar og sosial deltaking.
  • Dagsenter kan verte gitt som tilbod om avlastning for pårørande til personar med demens.
  • Personalet på dagsenteret tilrettelegger og rettleiar aktivitetane ut frå brukar sine eigne føresetnadar.
  • Det vert lagt vekt på ønskjer og forsøkt individuelt tilpassing.
  • Tenesta omfattar transport tur/retur heim og middag

Kven kan få tilbodet

  • Heimebuande.
  • Brukar som er under utgreiing for, eller har ein demensdiagnose.
  • Brukar som er i fysisk stand til å nyttiggjere seg av tilbodet og ha sosial omgang med andre personar, fellesskap rundt måltid og aktivitetar.
  • Pårørande som treng avlastning.

Kva kostar det?

  • Brukar betalar kr. 89,- for middag den dagen vedkomande nyttar seg av tilbodet.

Korleis søke om tilbod?

Her kan du søke om å få bruke dagsenteret.

 

  • Behovet for dagplass vert vurdert med utgangspunkt i kartlegging av funksjonsnivå (IPLOS).
Hilde Merethe Håvåg
Fagleiar omsorgstenestene
E-post
Telefon 57 78 96 09
Mobil 40 41 47 61