Kven kontaktar du når du treng lege?
Måndag til fredag 09.00 - 10.30 og 12.30 - 13.30 kan du ta kontakt med legekontoret på telefon 57789520. Er det aktutt trong for lege utanom innringingstida - ring 116117.
Kveld, natt og helg må du kontakte legevakta på telefon 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
Ved akutt/øyeblikkeleg hjelp ring 113 (naudnummer) om skaden eller sjukdomen er alvorleg.
Timebestilling på nett og fornying av reseptar
Du kan bestille time på nettet, føl ei av lenkene under eller last ned PasientSky-appen.
> > Helsenorge.no - bestille time mm
> > PasientSky
Ved enkelte undersøkingar, som for eksempel førarkortattest, fjerning av føflekkar, celleprøve og gynekologiske undersøkingar treng legen meir tid, så då må ein bestille to påfølgande legetimar.
Hugs å bestille fornying av reseptar i god tid før du går tom!
Prisar
Du må betale eigeandel for dei fleste konsultasjonane ved legekontoret. Når du når eigenandelstaket får du automatisk tilsendt frikort.
Hyllestad legekontor føl eigenandelar fastsett av Helsedirektoratet.
Du finn meir informasjon om eigenandelar på nettsida til Helsenorge
Legar
Hyllestad kommune har per i dag to legar knytt til kontoret:
Anette Ester, 400 pasientar på lista, ho er òg tilsynslege ved sjukeheimen.
Vikarliste, 1350 pasientar, vedkomande er òg helsestasjonslege.
Fastlege/byte fastlege
Alle innbyggjarar skal ha fått tildelt fastlege. Om du ønskjer å byte fastlege gjer du dette via helsenorge sine nettsider.
Logg inn på helsenorge.no for byte fastlege
Frå 1.1.2024 har kommune to fastlegeheimlar:
- Kommunelege Anette Ester
- Liste utan fastlege, Daniel Sollerkvist er vikar heile 2024
Kommuneoverlege
Kommuneoverlege har ei rådgjevande og administrativ rolle innan helse- og omsogstenestene.
Bård Flattun Lilleeng er kommuneoverlege i Hyllestad. Dette er eit samarbeid mellom kommunane Sunnfjord, Fjaler og Hyllestad.
I tillegg kjøper vi tenester frå Folkehelseavdelinga i Kinn i tema som miljøretta helsevern, folkehelse og smittevern.
Meir informasjon finn du på Folkehelseavdelinga sine nettsider
Legevakta i Førde
Telefon 116117
Hyllestad kommune er knytt til Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt som er lokalisert til Førde.
Her finn ein legevakt, legevaktsentral, KAD-eining og overgrepsmottak.