Myklebustfeltet, Hyllestad

symbol - Klikk for stort bilete

Bu sentrumsnært og luftig, med kort veg til butikk, skule, barnehage og idrettsanlegg! 

Myklebustfeltet er eit regulert bustadfelt med totalt 39 bustadtomter. Av desse er 9 eigd av kommunen og ledige for sal. Det er tomt 5, 6, 8, 9, 10, 11, 12, 13 og 14.

Tomt 21, 22 og 23 er eigd av Hyllestad Bygg Invest AS, og er under planlegging.  Ved interesse kan Hyllestad Bygg kontaktast på tlf 99013060 eller e-post harald@hyllestadbygg.no

​Tomtestorleik på dei kommunale tomtene varierer frå ca. 800 – 1400 m2 og kostar 150.000,- + 20,- per m2.

​Byggjefeltet er omringa av fin natur, og ligg i gåavstand til daglegvarebutikk, Hyllestadhallen, bensinstasjon, skule, barnehage og andre kommunale tenester.

Tomtene er svært attraktive, med ei unik utsikt utover Åfjorden og det majestetiske Lifjellet. Tomtene har gode solforhold og alle, utanom tomt 11-14, har veg, vatn og avløp til tomtegrensa.

​Skogen er næraste nabo, og her kan du følge turstien gjennom dei historiske kvernsteinbrota og vidare til dagsturhytta.

Bli med på ein uforpliktande visning. Her ser vi på tomtar, du kan stille spørsmål, og bli kjend med området.

 

Last ned planføresegnene for Myklebustfeltet (PDF, 2 MB)

Sjå kommunekart for Myklebustfeltet

Bustadtilskot til førstegangsetablerarar

Gaute Lundeland
Kommunalsjef
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 29