Slå saman eigedomar

Samanslåing av eigedomar

Samanslåing av fleire eigedomar til ein kan vere fornuftig for å få enklare og betre oversikt av eigedomsforholda. 

Dersom du eig fleire eigedomar, og brukar dei som same eining, kan dei bli slått saman til ein eigedom. Hefter og servituttar frå enkelteigedomar som blir slått saman, vil hefte ved den samanslåtte eigedomen. 

Samanslåing er ei gratis teneste, men det kan kome tinglysingsgebyr.

David Ingebrigtsen
Fagleiar byggesak og oppmåling
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 38