Seksjonering

Førstegongsseksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygningen. Endringar av allereie seksjonerte eigedomar kallast reseksjonering. Du treng ikkje fagkunnskap for å søke. 

Om seksjonering

  • Eigarseksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte- og firemannsbustader. 
  • Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli lånt på uavhengig av resten av eigedomen eller brukseiningane. 
  • Eigarseksjonar kan delast opp med eller utan uteareal. For å få eksklusiv rett til uteareal må det vere gjennomført ei oppmålingsforretning. Oppmålingsavdelinga i kommunen vil kunne hjelpe til med dette.

Kva får du?

  • Du får delt opp bygningen i fleire eigarseksjonar, og eventuelt fordelt uteareal til ein eller fleire seksjonar.
  • Du får dokumentasjon med plassering av eigarseksjonar og fordeling av sameigebrøk.
  • Du får eit matrikkelbrev.

Ved fordeling av uteareal får du i tillegg:

  • Eksklusiv bruksrett til utearealet på din del av eigedomen.
  • Koordinatbestemte bruksrettsgrenser.
  • Sett ned offentlege grensemerker, om dette er mogleg og ønskjeleg.

Slik søker du 

Er det fleire bygningar på tomta, må du ta med alle i søknaden. 

Fyll ut søknad om seksjonering
Sjå regjeringa.no for meir informasjon og rettleiing til søknaden

Legg ved situasjonskart over eigedomen
Kartet kan du laste ned frå matrikkelen.

 

Legg ved planteikningar for alle etasjane

Planteikningane må innehalde:

  • markering av dei ulike seksjonane
  • forslag til seksjonsnummer
  • gårdsnummer og bruksnummer
  • informasjon om kva dei ulike romma skal brukast til

Tinglysingssperre

Har du ei urådigheit tinglyst på eigedomen, så må den som står som eigar av den, samtykke til søknaden din. Dersom du er usikker om det finst slik urådigheit, ta kontakt med Kartverket.

Lever søknadsskjema med vedlegg

Lever søknadsskjema med vedlegg per post eller ved oppmøte. Du kan ikkje levere dette digitalt, sidan vi må ha orginale signaturar. 

Postadresse:
Hyllestad kommune
Lifjordvegen 7
6957 HYLLESTAD

Kva kostar det?

Sjå prislista for Hyllestad kommune (PDF, 2 MB). (link)

Vi sender faktura til personen som står som søkar. Du kan ikkje endre mottakar av faktura.

Kor lang tid tek det å behandle søknaden?

Vi behandlar søknaden innan 12 veker og sender saka til Kartverket for tinglysing. Deretter sender vi alle dokument tilbake til søkar saman med matrikkelbrev og faktura. 

David Ingebrigtsen
Fagleiar byggesak og oppmåling
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 38