Oppmåling av eigedom

Oppmåling er å få målt opp og merka eigedomsgrensa di, og du får sett ned offentlege grensemerke der det er mogleg. Du får eit matrikkelbrev (målebrev) som viser den fastsette eigedomsgrensa.

Rekvisisjon av oppmåling

Oppmålingsforretning vert gjerne sett i gang etter delingsløyve eller at ein bestiller oppmåling ved rekvisisjon. Oppmålingsforretning er aktuelt: 

  • Etter gitt løyve til deling av eigedom
  • Etter gitt løyve til arealoverføring
  • Etter godkjent søknad om grensejustering
  • Etter rekvisisjon for klarlegging/nymerking av eksisterande grenser

Dersom du ved gitt løyve til deling av eigedom ynskjer å utsette oppmålingsforretning, må du passe på å bestille rekvisisjon av oppmåling innan tre år frå delingsløyvet vart gitt. 

Slik søker du

Send inn skjema og situasjonskart

David Ingebrigtsen
Fagleiar byggesak og oppmåling
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 38