Klarlegging av eksisterande grense

Grensepåvisning er ei klarlegging av eigedomen sine allereie eksisterande grenser. Ved klarlegging av grenser blir dei oppmålt og merka på nytt. Du får ikkje endra eller nye eigedomsgrenser.

Kva får du?

Du får oppmålt, påvist og merka eigedomsgrensene dine. Du får sett ned offentlege grensemerker der det er mogleg.

Krav til søkar

Søknaden må vere signert av eigaren (heimelshavar).

Slik søker du

  1. Last ned skjema Rekvisisjon av oppmålingsforretning
  2. Legg ved relevant dokumentasjon på eksisterande grenser (skyldskiftepapir, kart, etc)
  3. Lever søknaden til oss per e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no, eller per brev til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad. Du kan også levere søknad i resepsjonen på kommunehuset. 

Kva kostar det?

Gebyrregulativ 2024
 

David Ingebrigtsen
Fagleiar byggesak og oppmåling
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 38