Ved byggetiltak som er søkt om mellom 01.01.1998 - 30.06.2010 kan kommunen gje ferdigattest dersom vilkåra er til stades:
Det må vere gjeve mellombels bruksløyve for byggetiltaket, og:
a) erklæring frå ansvarlege føretak føreligg, eller
b) erklæring frå byggverkets eigar som stadfestar tiltaket
Bokstav a:
Gjelder når det ikkje gjenstod alvorlige forhold etter gitt mellombels bruksløyve. Vurdering må bli basert på kompleksitet ved det arbeidet som har stått igjen, og kva konsekvensar det har for helse, miljø og tryggleik. Erklæring kan vere frå nye ansvarlege føretak, eller føretak som var ansvarlege i opphaveleg byggesak
Bokstav b:
Gjelder når det gjenstod forhold av mindre betyding etter gitt mellombels bruksløyve. Tiltakshavar eller noverande eigar av byggverket kan gjennom erklæring stadfeste at byggetiltaket er utført i samsvar med lov og gitt byggeløyve.
Ingen mellombels bruksløyve:
Dersom byggetiltaket manglar bruksløyve er det i utgangspunktet eit lovstridig forhold. I dei tilfeller gjelder ikkje denne føresegna, og for å få ferdigattest må det vanlege ansvarsrettssystemet bli brukt. I tillegg kan kommunen vurdere å følgje opp forholdet. Dette gjelder og dersom delar av tiltaket manglar bruksløyve. Då må den delen som ikkje har bruksløyve bli omsøkt med det vanlege ansvarssystemet.