Visma Flyt Skule - kontakt mellom heim og skule

Vi brukar Visma Flyt Skule for å gjere kontakten mellom heim og skule enklare.  Via nettside eller app kan du registrere fråvær, halde deg informert om timeplan, lekser og aktivitetar til barnet ditt.

Tilgang til Visma Flyt Skule

Som foreldre/føresett kan du logge inn med ID-porten (BankID, MinID, Commfides eller Buypass).

> Innlogging til Visma Flyt Skule

Kva kan du bruke Visma Flyt skule til?

  • Sjekke at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev og føresett er riktig
  • Gje samtykke
  • Følgje med på vurderingar, karakterar, fråvære og merknader
  • Finne kontaktinformasjon til kontaktlærar
  • Sjå kva faggrupper og faglærarar eleven din har
  • Søke, sei opp eller endre SFO-plass
  • Sjekke fakturagrunnlaget for SFO-plass

Appen "Min Skole - foresatt"

Visma har lage ein app for å gjere kommunikasjonen mellom heim og skule enklare.

Appen frå Visma heiter "Min skole - foresatt", og du finn den både på Google Plan og i App Store.  Appen har litt avgrensa funksjonalitet i høve nettsida.  Gjennom appen kan du som forelder/foresatt gjere følgjande:

  • Melde skulen om elevfråvær (gjeld ikkje permisjonar)
  • Sende og motta andre meldingar til kontaktlærar eller faglærarar for ditt barn

 

Ta gjerne kontakt med skulen om du treng hjelp

Dersom du har problem med innlogging til Visma Flyt Skule, eller treng rettleiing på koreleis du brukar Visma Flyt Skule, ta kontakt med skulen på telefon 57789551 eller 57789553.