Kvalitet i barnehagen

Barnehagen har ei viktig rolle som oppvekst- og utviklingsarena og som velferdstilbod for småbarnsforeldre.  Barnehagen skal vere til barna sitt beste, og dei skal oppleve glede og meistring i kvardagen.  Hyllestad barnehage er oppteken av kvaliteten på tilbodet, og det vert jobba kontinuerleg med innhald og vidareutvikling.

Planar og lovverk

Alle barnehagar må følgje nasjonale lover og planar, i tillegg til eigne lokale planar.

Kommunen som barnehageeigar og barnehagemyndigheit

Kommunen er både barnehageeigar og barnehagemyndigheit.

Som barnehageeigar er kommunen ansvarleg for drifta i barnehagen.  Dette ansvaret er det styrar i barnehagen som er ansvarleg for vert fulgt opp.

Kommunen er òg barnehagemyndigheit.  Det betyr mellom anna at kommunen skal gje rettleiing og sjå til at barnehagen vert driven i tråd med lovverket.  Dette ansvaret ligg per i dag til kommunedirektøren si leiargruppe.

Klage på barnehagen

Du har høve til å klage om du er misnøgd med tilbodet i barnehagen.  Slik klagar du:

  • Ta problemet opp med styrar i barnehagen.
  • Gjeld det generelle tilhøve kan du òg ta det opp med barnehagen sitt samarbeidsutval.
  • Ønskjer du å gå vidare med klaga di eller ei bekymring, kan du ta kontakt med barnehagestyrar.
  • Får du ikkje medhald i klaga di til kommunen er Statsforvaltaren siste klageinstans.
Rigmor E. Strømskag Dale
Styrar Hyllestad barnehage
E-post
Telefon 57 78 95 55