Mobbeombodet i Vestland

Mobbeomboda jobbar for at barn og elevar skal ha det trygt og godt. Dei kjenner rettane til barn og unge, og kan fortelje korleis du går fram om eit barn ikkje har det bra. 

Kven kan ta kontakt med Mobbeombodet?

Alle kan ta kontakt med mobbeomboda. Dei har teieplikt, og kjem ikkje til å seie noko vidare utan at du ynskjer det

Aina Drage og Hildegunn Hodneland er mobbeombod for barnehagebarn og elevar i grunnskulen. 

Kva kan du få hjelp til?

Mobbeombodet i Vestland er eit lågterskeltilbod for barn, elevar i grunnskulen og føresette i Vestland. Alle kan spørje ombodet om råd om barnehage- og skulemiljø.

Ombodet skal bidra til at barn og unge får oppfylt rettane sine til trygge og gode barnehage- og skulemiljø.

 

Her kan du lese meir om Mobbeombodet i Vestland og kva dei kan hjelpe med.