Jordmor

Helsestasjonen tilbyr helsestasjonsteneste for barn 0-6 år, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom 13-20 år og jordmorteneste.

Det er fint om du tar tidleg kontakt med jordmor når du er gravid

Jordmor ønskjer gjerne å møte deg så raskt som mogleg etter at du finn ut om graviditeten. Uavhengig av om det er din første graviditet eller ikkje, er det fint med kontakt jordmor og første kontroll mellom graviditetsveke 6-12.

Her treff du jordmora i Hyllestad

Jordmora treff du på helsestasjonen, som ligg i 1. etasje i kommunehuset i tilknytning til legekontoret. Helsestasjonen har eigen inngang på baksida (mot sør), og jordmor er ved helsestasjonen 1 - 2 gonger per månad.

Det er ein helsesjukepleiar, ei jordmor og ein lege tilknytt til helsestasjonen.   

Kva skjer hjå jordmor?

Ved kvar kontroll skal du ta med helsekortet ditt som jordmor fyller ut på første kontrollen. Du skal og ha med urinprøve til kvar kontroll.

Her kan du lese meir om jordmor og svangerskapsomsorg i Hyllestad. (PDF, 359 kB)

Ny app til gravide og småbarnsforeldre

Helsestasjon- og jordmortenesta i Hyllestad har teke i bruk appen Helseoversikt. Dette er ei løysing som gjev gravide og småbarnsforeldre trygg og relevant helseinformasjon frå kvalitetssikra kjelder.

Last ned appen i dag ved å søke Helseoversikt i App Store eller Google Play. Appen er gratis.           
Ved spørsmål ta kontakt med helsesjukepleiar eller jordmor.

Kontaktinformasjon 
Jordmor Elisabeth Bjånes

Telefon 906 62 012 

Signe Bjorøy
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Telefon 57 78 95 12
Mobil 45 87 81 78