Helsestasjon 0 - 5 år

Det er spennande, men kanskje òg utfordrande, å vite korleis de som foreldre best mogleg kan forstå barnet ditt.  På helsestasjonen møter du helsesjukepleiar som kan gje deg råd og tips.

Helsestasjonen er her for dykk og barnet ditt!

Kven får tilbodet?

Helsestasjonen er eit tilbod til alle familiar som ventar barn og familiar med barn i alderen 0 - 5 år.

Alt ved helsestasjonen er gratis.

Kva tilbyr vi?

Det første møtet blir på heimebesøket.  Her tek vi med vekt for å vege barnet og tilbyr rettleiing om ammeteknikk og/eller morsmeldtillegg og informerer om tilboda på helsestasjonen.

Neste møte blir på helsestasjonen.  Her tek vi utgangspunkt i det du lurer på, vi føl barnet si utvikling og vaksinering.  Vi har òg fast legekontrollar der vi sjekkar at alt står bra til med barnet ditt ved 6 veker, 6 månader, 1 år og 2 år.

Ikkje ta med sjuke barn til helsestasjonen, ta då kontakt med legen eller legevakta.

Når får barnet innkalling?

  • Du vil få innkalling til dei faste helseundersøkingane.
  • Alle nybakte foreldre får tilbod om heimebesøk av jordmor kort tid etter utreise frå barselavdelinga. Deretter tek helsesjukepleiar over oppfølginga av barnet og familien, med heimebesøk innan 10 dagar etter fødsel.
  • Har du nyleg flytta til Hyllestad kommune og har barn under skulealder, ring oss for å                   etablere kontakt.
  • Ta gjerne kontakt sjølv ved behov utover det som er nemnt ovanfor.

Opplever du utfordringar i kvardagen? 

Hyllestad helsestasjon har også tilbod om:

  • Temagrupper for spedbarnsforeldre: Vi arrangerer temagrupper for spedbarnsforeldre (0-1 år) ein gong i månaden – informasjon kjem fortløpande til målgruppa. 
  • ICDP foreldrerettleiing: International Child Development Programme (ICDP) er eit enkelt, helsefremjande og førebyggjande program som har som mål å styrke omsorgen og oppveksten for barn og unge.
  • Vær med meg- følelsesregulering basert på trygghetssirkelen: Foreldrerettleiingsprogram (3 møter x 3 timar). Fokus på å auke føresette sin sensitivitet og nysgjerrigheit i samspel med barnet.
  • Psykologisk førstehjelp: PF er kognitiv åtferdsterapi. Forholdet mellom tankar, åtferd, kroppsreaksjonar og følelsar. 

Faste konsultasjonar på helsestasjonen og informasjon om vaksiner

​Adresse

Helsestasjonen held til i kommunehuset på Hyllestad, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.

Inngang i 1. etasje, eigen inngang på sørsida (mot Lifjorden).  Du finn òg fram ved å gå gjennom venterommet til legekontoret.

Vil du vete meir?

Her finn du brosjyrer og lenker til nyttige og trygge nettsider:

Signe Bjorøy
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Telefon 57 78 95 12
Mobil 45 87 81 78
Elisabeth Bjånes
Jordmor
E-post
Mobil 90 66 20 12