Fosterheim

Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på eit barn eller ungdom som for ein periode ikkje kan bu hos foreldra sine. Fosterforeldra har den daglege omsorga for barnet. Dei skal gje barnet mat og husrom, følgje opp skulegang og andre aktivitetar og gje den kjærleiken og tryggleiken barnet treng i sin livssituasjon.

Les om korleis bli og det er å vere fosterheim på bufdir sine nettsider.

Korleis bli fosterforeldre?

Fosterheimstenesta i Rogaland og Vestland har digitale nettmøter for deg som er nyskjerrig på korleis det er å vere fosterforeldre.  Møtet er uforpliktande.

Tidspunkt for digitale informasjonsmøter

Kven kan bli fosterforeldre?

Alle som ønskjer å bli fosterforeldre vil bli vurdert. Det er omsorgsevna til dei eventuelle fosterforeldra og behovet til det konkrete barnet som er viktig ved vurderinga av fosterforeldre. Fosterbarn er ulike i alder, personlegdom og omsorgsbehov. Difor trengs det eit mangfald av fosterheimar.

Fosterforeldre skal samarbeide med barneverntenesta og barnet sin famile. Det er nødvendig med god vandel og alminneleg god økonomi. De må ha tid og overskot til å gi barnet ein trygg og god heim. 

Les meir på Bufdir sine heimesider om kven som kan bli fosterforeldre

Kontaktinformasjon


Fosterheimstenesta i Rogaland og Vestland
Telefon, 466 19 000
E-post:  fosterheimstenesta.sogn-fjordane@bufetat.no

Kontakt ein av dei tilsette i HAFS barnevernteneste