For folkevalde

Her finn du aktuell informasjon og skjema for deg som folkevald.

Møteportalen

I Acos møteportal finn du innkallingar, sakspapir og protokollar til politiske møter.  Du kan fremje forslag og finne kontaktinformasjon til politikarar.  Du vil òg finne ulike reglement inne i portalen (sjå under menypunktet informasjon).

For å kunne logge inn i møteportalen må du logge inn via ID-porten.
Det er kun registrerte folkevalde i kommunen og møtesekretærane som har tilgang til portalen.

Innlogging til Acos møteportal

Registrering av styreverv

For å sikre høg etisk standard i saksbehandlinga og å oppnå tillit blant innbyggjarane, er Hyllestad kommune knytt til Styrevervregisteret. Folkevalde vert oppmoda til å melde inn opplysningar om verv som kan ha innverknad på habilitet. 

Registreringa av folkevalde, tilsette og styremedlemmer skjer på frivillig basis. 

Slik registrerer du deg

  • Gå til Styrevervregisteret
  • Logg inn for vervsinnehavere
  • Vel deretter Logg inn med ID-porten
  • Første gang du loggar inn kan du bli spurt om e-postadresse, då legg du inn adressa di.
  • Du får deretter ein e-post med ei personleg lenkje
  • Føl tilsendt lenkje og logg inn på nytt

Innlevering av reiserekningar og tapt arbeidsforteneste

I Visma kan du som folkevald sjå lønsslipp, samt føre reiserekning, utlegg og tapt arbeidsforteneste.

Logge inn i Visma

Første gong du skal bruke løysinga, må du knyte e-posten din til ID-porten. Når du seinare skal logge deg inn, er det vanleg innlogging gjennom ID-porten med kodebrikke, BankID,  BankID på mobil eller tilsvarande innloggingsmåtar. 

Dersom e-postadressa du registrerer inn ikkje blir godteken, må du sende e-post til personal@hyllestad.kommune.no for å få oppgitt korrekt e-postadresse. 

Du kan ikkje lagre visma pålogging som favoritt eller bokmerke. Dersom du får problem kan du prøve å skrive adressa rett inn i nettlesaren din. Bruk denne: vismahyllestad.sysikt.no/enterprise Det kan òg hjelpe å byte nettlesar eller friske opp sida om du får problem med pålogging.

Lønsslip finn du i Visma under menypunkt “meg selv" og “dokumenter”.  

Rettleiing for føring av reiserekning og tapt inntekt (PDF, 471 kB)