Bokstart – språk frå første stund

Hyllestad folkebibliotek har fokus på lesing med dei minste, og har no kjøpt inn ei fin lita biletbok som heiter “Revungen”. 

Denne boka vert gåve til alle nyfødde born i Hyllestad, og vert utdelt på helsestasjonen. 

Slik ynskjer vi å bidra til at alle barn skal få eit godt og livslangt forhold til språk og bøker!

Vi veit at tidleg språkstimulering er viktig for at barn skal bli gode lesarar og få større ordforråd. Når vi les saman med barn, blir barnet også betre til å både lytte og prate sjølv.

Så gå på biblioteket -her kan du låne bøker gratis!