Pressemelding - Nav Sunnfjord og Ytre Sogn

NAV rustar seg for framtida ved å inngå eit vertskommunesamarbeid om tenester til innbyggarane og støtte til næringslivet. Organiseringa av det nye NAV Sunnfjord og Ytre Sogn tek til med det same . Eit klart premiss for organiseringa er at det framleis skal vere NAV lokale i alle kommunane.

Sist veke stemte kommunestyret i Fjaler, Høyanger og Sunnfjord for eit vertskommunesamarbeid i
NAV og i går gjorde Hyllestad det same. Ørjan Haram, kommunedirektør i Høyanger og leiar av
styringsgruppa seier:
- Det har vore ein lang prosess frå vi starta utgreiinga av eit mogleg vertskommunesamarbeid,
og Askvoll har undervegs vedteke å ikkje bli med. Det er kjekt at det no er avgjort og ein kan
starte arbeidet med organiseringa.


Terje Heggheim, kommunedirektør i Sunnfjord er godt nøgd med at alle dei fire kommunane sluttar
seg til avtala.


 - Vi er eit felles bu og arbeidsområde, og har god tradisjon for å samarbeide på tvers , seier
Heggheim . Innbyggarane flyttar seg mellom kommunane for jobb og skule, og eit
interkommunalt samarbeid om NAV sine tenester vil gjere de t lettare å yte gode tenester
både til innbyggarar og til næringslivet når dei har behov for arbeidskraft.
 

Kommunedirektørane har i prosessen med å få til vertskommun e samarbeid et vore opptekne av
ambisjonane om at samarbeid et skal syte føre likeverdige tenester av god kvalitet og eit stødig
fagmiljø. I tillegg har dei vektlagt at det skal vere lokasjonar i alle kommunane, slik at dei som treng
det, kan møte NAV i sitt nærmiljø.
 

Heggheim poengterer at det er gode grunnar til å sikre stabile tenester frå NAV framover, og nemner flyktningane som har behov for hjelp til å komme i arbeid og ungdom som fell utanfor skule og jobb.
 - Dette er utfordringar vi deler på tvers av kommunane, seier Heggheim.
 

Fylkesdirektør i NAV Vestland, Bjarte Hysing Olsen stiller seg bak Heggheim sine ord og legg til:
 - Mange bedrifter i Vestland slit i dag med å få tak i arbeidskraft . Dette vil bli ei end å større
utfordring i åra som kjem når vi blir færre personar i arbeidsfør alder. Eg er oppteken av eit
godt samarbeid me d næringslivet. NAV kan hjelpe bedriftene med arbeidskraft samstundes
som dei kan gje personar som treng det ein sjanse i arbeidslivet.
 

Hysing-Olsen av rundar med at samarbeidet som no skal byggast opp mellom kommunane vil gje eit godt grunnlag for å støtte næringslivet i regionen.
 

Kontaktinformasjon:
 

Terje Heggheim: Terje.Heggheim@sunnfjord.kommune.no 

Telefon: 911 01 266


 Bjarte Hysing-Olsen: bjarte.hysing-olsen@nav.no

Telefon: 482 47 318


 Ørjan Haram: orjan.haram@hoyanger.kommune.no

Telefon: 454 49 842